Eg lurar på om dei gjorde det openlyst, eller om dei stal seg til det i ein løynd augneblink. Det er av og til slik, våre håp er hemmelege, vi kan vera redd for å få dei øydelagd av hån og misstru, for håpet knyter seg til framtida, til noko vi ikkje veit, ikkje har sikkert grep om. Håp er på eit vis sårbart, vi gjer oss mottakelege, opne for at det gode vi vonar på skal skje.
Er den som håper urealistisk? Nei den er klok; den tek imot det lys som håpet kastar innover livet eins, den opnar horisonten for glede. Det gjev kraft og mot! Håp har uvurderlege livs krefter. - og det gode vi håper på skjer faktisk av og til!